Årsfest i Os Seilforening lørdag 27. okt 2018

Utskrift E-post

Årsfest i Os Seilforening lørdag 27. okt 2018

IMG 1781

Festkomiteen.

 

50 festledde seglarar med følge mønstra i Oselvarnaustet denne denne mørke stormfulle oktoberkvelden .

På Otto, som var konferansier, forstår vi at dei frå Hegglandsdalen er noko for seg sjølv . lkkje langt mellom latterkulene på årets seglarfest.

Festtalar Eirik tok oss til stormfulle høgder tilbake til den spede begynnelsen med skipper Arne ved roret. Han formidla opplevingar som om det var i går, så det var opplevingar som gjorde inntrykk . Ein framifrå flott tale for ei feststund.

Det vart premieutdeling , og der skulle kokkelaget til Hans også ha vore. Kjøkkenet på «Kysten» leverte ei oksegryte med kjøtt så mørt at det smelta på tunga.

Årets trimmingseglas vart toppa av Tayo fulgt av Brigten og Akina, i klassen opp tom 0.94. Største klasse vart vunne av Piano, fulgt av Stella og Tussi .Klubbmester vart Skarven. Ottoen vart vunnen av Marlin.

IMG 6465 Trim MomentIMG 6472 Trim Moment3

Så spela Anders Kristensen, Baard Hansen og Olav Skorpen opp til dans , og laga kjempestemning. Utover kvelden vart bandet utvida med egne krefter, og jammen var det moro å høyre Otto i sitt ess.

Festen vara til langt på natt, med ein time ekstra.

 

 

Den 26 oktober 2019 samlast me på ny . Festkomiteen blir då Brygge B, og Terje Eltvik får utfordringen med å kalle saman komiteen.

Treff: 2464