Askeladden /Tysnes Sparebank 2018

Utskrift E-post

Bjørneseilasen-Os Mesterskapet

Laurdag 1.september til søndag 2. september 2018.
Søndag; Spenningen er til å ta og føle på. Genoaen må opp, Spinnakeren må ned og storseilskjøtet strammast inn i samme øyeblikk som vi rundar bøyen. Ein flott Spinnakerlegg frå Grønholmen utanfor Våge til Alholmen nærmar seg sitt klimaks…

Regattaen starta laurdagen kl 1100 ved Blia og gjekk ned til Bleikja og så opp til rundingsmerke ved Alholmen, så kryss til Grønholmen langt der borte under storslåtte Tysnes såta og Hovlandsnuten. På Skarven tok vi ein «Sverre» det vil seie eit langt slag , og skåra på det; Klassevinnar! Dei andre vinnarane i Bjørneseilasen var; Turklasse: «SuMar ll»,  Singlehand: »Fønix»,  NOR Doublehand: «Stormen»,  NOR Uten Spinnaker : «AJAJA»,  NOR fom 1.010:« Argo».

20180901 133310

På Våge hadde  Patrick og hans kokkelag rigga Mandelhuset for seglarinnrykk. Langbord til  80 personar, og med førehandsbestilling av  hovudrett;  Breiflabb eller Biff, så gjekk bordseta som ein draum. Innsatsen vart belønna med Takk for maten sang med kanon. (Sjølv om ikkje alle fekk med seg andre vers) Eit imponerande arrangement av Patrick. Kjempegod stemning med premieutdeling for Bjørneseilasen. Så stemte Otto i Shetlands sangen for å toppe det heile.

 BreiflabbPatrickMat

Dei små timane vart tilbrakt om bord i båtane, og det vart seint, med påfølgande sein avgang søndagen. Egg og bacon tar tid, så når forseglet omsider kom opp, så gjekk starten. Men akk feil forsegl, det var jo ein Spinnakerlegg. Vår vante tru så styrte vi rett på, og klarte rundinga ved Alholmen i rekka av båtar som runda etter tur med små marginar. Turen gjekk vidare til runding av Bleikja og så attende for målgang.

20180902 114229UnderveisSlag

Sammanlagt for dei to dagane Os Mesterskapet:
Doublehandklassen vart  vunne av Finn og Åse på «Gleden», Singlehand hadde ein deltakar Helge på «Fønix», Tuklasse også ein deltakar «SuMar ll» NOR rating tom 1,009 gjekk til « Skarven», som vart Klubbmester, NOR Rating uten spinnaker gjekk til « Cumulus», og NOR rating fom 1,010 gjekk til «SteggXVI», som vart Os Mester.

Ei framifrå seglarhelg.  Takk til Milde Båtlag som stilte med Startbåt og regattasjef Kjell Totland , Patrick på Mandelhuset for framifrå servering og Tysnes Sparebank for sponsormidlar.

I 2019 kjem Askeladden den 31 august til 1. september . Velkommen !!!
Per Aga

 
Treff: 2197