Referat fra regattakomitemøte torsdag 121017

Utskrift E-post

Referat fra regattakomitemøte torsdag 121017

Tilstades; Terje Klyve , Paul , Per.

Sak 1. Oppsummering regattasesongen.

Sak 2. Bruk av Autopilot på trimmingsseglasane og Korsfjordtrimmen

Sak 3. Kaileige Waage/ Askeladden

Sak 4. Seglkro i haust

Sak 5. Gravering av pokalane, og premieutdeling på haustfesten

Sak 6. Høstsamling HSK

Sak. 7 Media

Sak.8 Framover

Sak 1. Vi diskuterte tretall systemet. Det har fungert rimelig godt denne sesongen. Vindkategori skal vera bestemt før start. På Korsfjordtrimmen er det ikkje nødvendigvis samsvar mellom målingen på Flesland og vinden på Korsfjorden, ved østlig vind. Eit ønske er å få startbåten til å påta seg oppgåva.  Ein utfordring er kommunikasjon på Vhf. Ein kan ikkje rekne med at folk lyttar i samband med startprosedyren. Bruk av Vhf og lytteplikten er etterlyst av den kommersielle skipsfarten. Referenten har fått tilbakemelding om at vi blir kalla opp , men ingen kontakt oppnås. Eit viktig sikkerhetselement?

Det er stemning for å fortsette med tretallsystemet. Og i samband med annonsering av Vindkategori på kanal 6 så er det etterlyst påminning om å starte RaceQ . Jo fleire som brukar RaceQ jo meir instruktiv blir gjennomgangen etterpå.

Vi treng å styrke komiteen med ein person som kan ta jobben med Askeladden . Paul har no Korsfjordtrimmen, Terje har Hufterøy Rundt, og Per har Trimmingsseglasen. Viss nokon har forslag til kandidat , ta vennligst kontakt med oss i komiteen.

Sak 2. Det er ikkje laga unntak for bruk av autopilot i seilingsbestemmelsane. Bruken av autopilot bør vera i henhold til disse. Vi har ikkje eigen klasse for shorthand. Allikevel er det slik at båtar som seglar med full bemanning av og til er shorthand. Nokon av desse brukar autopilot , andre ikkje. Nokon båtar seglar i utgangspunktet shorthand , men er av og til fleire. Dette bør vera likt for alle og komiteen går inn for å ta inn eit eget punkt for dette i seilingsbestemmelsane . Der skal alle som seglar shorthand ha anledning til å bruke autopilot i henhold til shorthand reglane . Viss ein er fleire enn to om bord vil det ikkje vera lov å bruke autopilot.

Sak 3 Kaileige Waage. Usikker om vi skal betale på Mandelhuset si brygge. Vi må finne ut kor mange båtar , og kven som kan fakturere desse båtane. Per tar saken.

Sak 4. Seglkro i haust. Det føreligg ikkje dato for denne, ei heller kven som får ansvaret for arrangementet, Os eller Milde. Paul tar saken.

Sak 5. Fire pokalar skal til gravering. Øvrige pokalar skulle vera i hus etter stor bestilling i fjor. Per ordnar med gravering og står for utdeling på haustfesten.

Sak 6. Vi er invitert til Høstmøte i HSK som skal holdast 8.november i Askøy seilforening. Terje drar dit .

Sak. 7 Svein sine rapportar i avisa og midtsida er sterkt sakna. Det har vore veldig stille om oss i år. Svein har vore ein trofast bidragsytar til glede for mange osingar i mange år (Inkludert svigermor!) Men det kan bli litt mykje på ein person , kanskje vi har fleire skriveføre medlemmer? Kan vi fordele det litt, men ha til dømes ein kontaktperson inn mot Midtsiden , Svein? Ingen bidrag er for små , og det er kjekt å få litt rapportar frå alle båtane . Oppfordrar medlemmene til å legge ut bilder .

Sak 8. Vi vil satse på eit medlemsmøte i månaden i jan, feb og mars.

Mvh Per Aga (referent)

Treff: 1478