Referat fra Regattakomitem√łte

Utskrift E-post

Referat møte i Regattakomiteen 10-01-2017

Tilstades : Terje, Nils, Hermod og Per.

Nils går ut av komiteen, men påtar seg å fortsette som bøyeansvarlig.

Svein går ut av komiteen, og dannar ei eigen gruppe som arbeidar med rekruttering.

Jon går ut av komiteen fordi han flyttar. Han har sendt over eit oppsett med oppgåver og tidsplan for Askeladden , som gir eit godt utgangspunkt for den neste som overtar oppgåva.

Paul går inn meir aktivt, og har påteke seg ansvaret med Korsfjordtrimmen og blir regattasjef for denne.

Regattakomiteen oppfattar det som si oppgåve å arrangere og kvalietesikre våre regatta arrangement, med fokus på Seilingsbestemmelsane og Kappseglingsreglane. Det ligg lenke på heimesida til dei nye kappseglingsreglane 2017-2020 på heimesida vår.

Arbeidet med å skaffe sponsorar oppfattar vi som ei oppgåve som ligg utanfor regattakomiteen sitt ansvarsområde, og det bør etablerast ei eiga gruppe for dette formål i foreningen.

Hermod informerte om konsekvensane av at Performance Line ikkje uten vidare kan brukast vidare.

Fylgjande forslag vart fremja i komiteen.

Trimmingsseglasen; Vi brukar Trippelnummer. Eit for lite vind , eit for mellom vind, og eit for mykje vind. Startbåten definerar før start kva nummer som skal gjelde , og det vil då gjelde sjølv om været skulle endre seg vesentlig. Variasjonen vil i det lange løp utjamne seg. Og ei slik løysing vil uansett bli meir rettferdig enn ett tall system.

Korsfjordtrimmen; Vi fortsetter med ett tall system, men brukar Offshore Nor ratingtallet ved sirkelbane, og Innshore Nor rating tallet ved pølsebane.

Oppgaver vidare:

Lage ein oversikt , gjerne på eit excel ark over datoar med fristar møter og regattaer, slik at det er lett å få oversikt over komiteens arbeid frå år til år .Samle informasjon i ei «Metodebok for Regattakomiteen» ,med nødvendige detaljar som kontaktadresser og bestillingsrutinar , for å kvalitetssikre arbeidet , og senke terskelen for nykommarar til å delta i dette arbeidet.

Finne nye medlemmer til komiteen , som td kan ta ansvaret for Askaladden

Terje og Per vil forsøke å holde nokre medlemsmøter i vinter i Kvernavika , med fokus på Regattareglane og vi satsar på det første møtet den 240117 kl 1900, med regelquiz og vonaleg ein god diskusjon.

Treff: 733