Referat fra medlemsmøtet 14 februar

Utskrift E-post

Referat frå medlemsmøtet 14. februar 2017

Tilstades : Ole Morten, Arne, Øyvind, Nils, Geir, Sigbjørn, Paul, Stina, Jan, Ian, Ruth, Terje, Margaret, Kristoffer, Terje , Per .

Flott at  så mange  kunne komme , me vart 14 stykker.

Ny kaffekanne vart innvia , og Gulrotkaka vart satt pris på.

Programmet vart omtrent som oppsatt , og det vart ein  fin debatt .

Sjølve konseptet er litt i støpeskeia. Ideen er å dela på kompetansen me sit inne med kvar for oss. Av  forslag denne gongen kom; trening i Redningsflåte, Hjerte Lunge Redning , handsaming  av sjøsjuke og fingerskader. Nokre av desse krev eit eget opplegg , men til dømes handsaming  av sjøsjuke og fingerskader kan vera tema for eit medlemsmøte. Til dømes kan me har eit lite innlegg om eit tema  før pause og så kan me ta litt regattareglar etter pause, slik at me iallefall får dekke dei områda som Quizén dekkar.

Me tar sikte på eit møte den 18 april, veka før første trimmingsseglas , og me vil då freista å gi ein oversikt over dei aller mest sentrale delene av regattareglane.  Mest sannsynlig vil me plukke ut sentrale problemstillingar frå Quiz programmet , slik at me kan få litt debatt. Eg vil oppmode om at alle tar ein kikk  i dei nye regattareglane (Det ligg lenke på heimesida vår), før dette møtet.

I tillegg vil me presentera RaceQS , og seglingsbestemmelsane.

Me kjem attende med invitasjon.

Mvh Terje og Per

Treff: 1111