Bilder

Fra loggen

 Utskrift E-post

STORD RUNDT 2018

 

Mot vindstilla Bakevja 3

Lørdag 9.juni 2018 " Skarven"

Utanfor Kjøttenståno ligg ein av oljeindustriens mastodontar. Skal vi gå innafor , og komme i vindskyggen , eller utanfor og segle lenger? Me seglar på grensa av de vi tåler med spinnaker. Når vi passerar mastodonten ligg ein liten båt og duppar i bølgene, det veiftar med flagg og lagar lyd og vinkar , Vi vinkar tilbake , «Gutestrekar» tenker vi , no skal dei lure oss til å tru at seglasen er avkorta, Det er då ikkje rette flagget, eller? Vi seglar om kapp med Jan Vidar og Karen på FS II , og gjer akrobatiske manøvre under spinnakeren , fossar inn til moloen for målgang. Ingen der!

Bakevja soloppgang 1

Men seglasen starta dagen før i god vestleg vind og vi på Skarven var svært nøgd når vi nærma oss Sigleflu i bakre del av det første feltet. Lite visste vi at det var bom stopp ved Ringholmen , med vindstille og ½ knop motstraum. Halvor skjøna teikninga og som den strategen han er seier han;» Eg går å legg meg». Han far satt å duppa i cocpit heile natta til sola stod opp , fleire gonger oppunder staken i Ringholmsundet, og desse båtane som kom seg forbi !!!! Nokre ankra opp , ein og annan motor vart starta, og hektisk vinking, me må heim å sove. Etter åtte timar dukka eit smilande ansikt opp frå salongen, Kor langt er vi komt? Vel , vi er på samme staden , Halvor diska opp med speilegg og flesk , og etterkvart som kaffien var konsumert så merka vi vindpust . Sneik oss forbi Ringholmen ,og han far gjekk i bikken , medan Halvor heiste spinnakeren. Midtfjords nedover nyleia , skjæring gjorde at båtane havna i vindskygge. Etterkvar våkna han far til og vi runda Hestolmane med nær broach, Men jammen gjekk det unna!!!!!

Bakevja 4

Og det var laurdagen som kulminerte med ein tur om bord i gamle Sunnhordland, Te og kaffi i solsteiken i Cocpit og ikkje minst koselig prat med Jan Vidar , Karen, Terje og Paul.

Per og Halvor

Søndag 10.juni 2018 "Tussi"

Våkna av VHFen om bord etter eit par timer urolig søvn i Leirvik Havn. Det var Regattasjefen som meldte om avkortning av Stord Rundt ved Stord Verft. Hmm, er det noen som seiler enda. Me hadde gitt oss ved Ringholmen på morgenen etter 10 timer i vindstille og motstrøm. Trøtte hoder hadde kalkulert distanse og hastighet (på ca 0 til 0,3 knop) samt værvarsel og kommet frem til at vi umulig kunne nå makstiden for regattaen. Men me tok altså grundig feil, snart kom klasse vinnerne Skarven og FS2 inn i havna pakkende på seil. Tålmodighet lønner seg.

Bakevja 4

Men på regattaens andre dag "Sunnhordaland Race" var det fine vindforhold NV 3-6 M/S og kryss nesten hele veien til Bekkjarvik. Me fekk ein god start ut i fra moloen og var tidlig ute på fjorden.

Me diskuterte veivalg i fjorden og kom frem til å holde langs Stordalandet og prøve å utnytte vinddreininga som vi meite måtte komme ved utløpet av Digernessundet. Dette gav utrolig god  uttelling og når me runda Føyno hadde me bare ILC40 fremfor oss. Og etter det var det bare for mannskapet (Terje) å jobbe knallhardt med slagene oppover Nyleio. Stikk i skøte over Selbjørsfjorden, eit slag og i mål ved Bekkjarvik. Ein herlig seilas under perfekte forhold for "Tussi". 

Takk til Stord og Bergens Seilforening for ei flott regattahelg.

Paul og Terje

Treff: 222

Seilkro med premieutdeling for Korsfjordtrimmen og Askeladden

 Utskrift E-post

 

Bergens Seilforening inviterer til Seilkro med foredrag av Are Wiig 4 desember.

Os Seilforening vil ha premieutdelig for Korsfjordtrimmen og Askeladden.

Se mere info på:

http://www.bergens-seilforening.no/are-wiig-og-hans-dramatiske-historie-i-golden-globe-race/

Treff: 356

Huftarøy Rundt

 Utskrift E-post

Da er det tid for Huftarøy Rundt. Oppfordrer alle deltakende båter å benytte Raceqs. Link http://raceqs.com/regattas/63587

God Seilas :-)    

Treff: 330

Ope Stordmeisterskap

 Utskrift E-post

Stord Seilforening inviterer til

Ope Stordmeisterskap - Håkonarseglasen 2018 

17 - 19. august. Bli med! 
Stordmeisterskapen består av alle seglasane dei tre dagane. 

Håkonarseglasen består av seglasane laurdag og søndag. 

Les mer: Ope Stordmeisterskap

Treff: 454

Referat fra regattakomitemøte torsdag 121017

 Utskrift E-post

Referat fra regattakomitemøte torsdag 121017

Tilstades; Terje Klyve , Paul , Per.

Sak 1. Oppsummering regattasesongen.

Sak 2. Bruk av Autopilot på trimmingsseglasane og Korsfjordtrimmen

Sak 3. Kaileige Waage/ Askeladden

Sak 4. Seglkro i haust

Sak 5. Gravering av pokalane, og premieutdeling på haustfesten

Sak 6. Høstsamling HSK

Sak. 7 Media

Sak.8 Framover

Sak 1. Vi diskuterte tretall systemet. Det har fungert rimelig godt denne sesongen. Vindkategori skal vera bestemt før start. På Korsfjordtrimmen er det ikkje nødvendigvis samsvar mellom målingen på Flesland og vinden på Korsfjorden, ved østlig vind. Eit ønske er å få startbåten til å påta seg oppgåva.  Ein utfordring er kommunikasjon på Vhf. Ein kan ikkje rekne med at folk lyttar i samband med startprosedyren. Bruk av Vhf og lytteplikten er etterlyst av den kommersielle skipsfarten. Referenten har fått tilbakemelding om at vi blir kalla opp , men ingen kontakt oppnås. Eit viktig sikkerhetselement?

Det er stemning for å fortsette med tretallsystemet. Og i samband med annonsering av Vindkategori på kanal 6 så er det etterlyst påminning om å starte RaceQ . Jo fleire som brukar RaceQ jo meir instruktiv blir gjennomgangen etterpå.

Vi treng å styrke komiteen med ein person som kan ta jobben med Askeladden . Paul har no Korsfjordtrimmen, Terje har Hufterøy Rundt, og Per har Trimmingsseglasen. Viss nokon har forslag til kandidat , ta vennligst kontakt med oss i komiteen.

Sak 2. Det er ikkje laga unntak for bruk av autopilot i seilingsbestemmelsane. Bruken av autopilot bør vera i henhold til disse. Vi har ikkje eigen klasse for shorthand. Allikevel er det slik at båtar som seglar med full bemanning av og til er shorthand. Nokon av desse brukar autopilot , andre ikkje. Nokon båtar seglar i utgangspunktet shorthand , men er av og til fleire. Dette bør vera likt for alle og komiteen går inn for å ta inn eit eget punkt for dette i seilingsbestemmelsane . Der skal alle som seglar shorthand ha anledning til å bruke autopilot i henhold til shorthand reglane . Viss ein er fleire enn to om bord vil det ikkje vera lov å bruke autopilot.

Sak 3 Kaileige Waage. Usikker om vi skal betale på Mandelhuset si brygge. Vi må finne ut kor mange båtar , og kven som kan fakturere desse båtane. Per tar saken.

Sak 4. Seglkro i haust. Det føreligg ikkje dato for denne, ei heller kven som får ansvaret for arrangementet, Os eller Milde. Paul tar saken.

Sak 5. Fire pokalar skal til gravering. Øvrige pokalar skulle vera i hus etter stor bestilling i fjor. Per ordnar med gravering og står for utdeling på haustfesten.

Sak 6. Vi er invitert til Høstmøte i HSK som skal holdast 8.november i Askøy seilforening. Terje drar dit .

Sak. 7 Svein sine rapportar i avisa og midtsida er sterkt sakna. Det har vore veldig stille om oss i år. Svein har vore ein trofast bidragsytar til glede for mange osingar i mange år (Inkludert svigermor!) Men det kan bli litt mykje på ein person , kanskje vi har fleire skriveføre medlemmer? Kan vi fordele det litt, men ha til dømes ein kontaktperson inn mot Midtsiden , Svein? Ingen bidrag er for små , og det er kjekt å få litt rapportar frå alle båtane . Oppfordrar medlemmene til å legge ut bilder .

Sak 8. Vi vil satse på eit medlemsmøte i månaden i jan, feb og mars.

Mvh Per Aga (referent)

Treff: 608