Referat fra medlemsmøtet 18 april

Utskrift E-post

Referat medlemsmøte tirsdag 180417

Tilstades: Tore, Geir, Paul, Hermod, Leif, Sigbjørn, Otto, Nils, Arne, Terje , Per.

Terje presenterte Raceqs appen . Eit problem i kampens hete er å huske å skru den på . Dette går ann å preprogrammere slik at appen startar av seg sjølv.  Den samlar inn ei heil rekke data som kan brukast til å analysere seglasen. Og vi fekk ein fin gjennomgang av Terje.

 

Paul gjekk gjennom seilingsbestemmelsane, her framkom ein misforståelse som tydeligvis dei aller fleste har tatt for gitt ; At Startbåten er startlinjas ytre begrensning,  medan seilingsbestemmelsane angir bøyen som ytre begrensning. Viss bøyen er ytre begresning vil det under enkelte betingelsar gi startbåten ei urimelig stor ulempe med tanke på sin egen start, då den blir liggande veldig langt i le.  Dette punktet blir revidert slik at startbåten evt kan korte inn startlinja viss det passar, og dermed ligge litt nærmare lo sida av startlinja. (Men dette  inneber også at viss startbåten ligg utanfor bøyen, så kan ein starte mellom startbåten og bøyen, sjølv om dette er eit usannsynlig scenario) Så bøyen som Nils og Otto har med mykje strev lagt ut, er ikkje avgjerande for starten.

Vidare tok Paul og Hermod oss gjennom Tretallsystemet. Det virkar rimelig oversiktlig, og inneber i grunnen berre at ein  brukar tre forskjellige tall for utrekning av handikap , eit for lite vind , eit for middels vind, og eit for mykje vind.  Istaden for eitt  tall for alle vindstyrkar, der ein vil få store utslag for den enkelte båten sine eigenskapar. Utfordringen blir å velge rett vindkategori , og denne utfordringen går til regattasjefen, dvs Per, eller den som Per delegerer ansvaret til.  Dette systemet vil også bli brukt i Korsfjordtrimmen , då med vindavlesninga på Flesland for å bestemme vindkategori.

Terje og Per vil prøve å dra i gang eit nytt medlemsmøte på hausten , og kanskje trekke inn ein del av forslaga som Ole Morten kom  med på forrige møte. Men det er eit poeng for oss å ha det som eit lavterskel opplegg, utan nødvendigis å trekke inn så mange eksterne , men prøve å mobilisere den kompetansen som finnes i foreningen.(Som er betydelig!) Så viss nokon har noko dei vil bidra med (Ta med eget instrumentJ) så sei for all del  ifrå tilTerje eller Per.

Litt færre frammøtte denne gongen, kanskje fordi at båtpussen  no på det travlaste , men fortvil ikkje den resterande halvparten av gulrotkaka er prikkevert i fryseboksen,  så det blir gulrotkake til neste møte også.

Mvh Terje og Per 

Treff: 685