Bilder

Referat Møte i Regattakomiteen 180418

Utskrift E-post

Referat Møte i Regattakomiteen 180418

Tilstades Terje, Paul, Otto, Per

Sakliste:

  1. Kommentar til Klasseinndeling i Korsfjordtrimmen, og til Regattasjefens rolle i bestemmelse av vindkategori
  2. Huftarøy Rundt, catering.
  3. Bøye i Strønsosen, miljøhensyn.
  1. Ratingtala blir i år justert opp for båtane, og dette bør gjenspegle seg i klasseinndelingen. Dette gir ein liten justering frå det som står i invitasjon og seilingsbestemmelsar. Komiteen besluttar at ny inndeling blir: Opp til 0,940 for minste klasse. 0,941-1,009 for mellomste klasse , og over 1,010 for største klasse.   Invitasjon og seilingsbestemmelsar blir revidert.                                                                                                                                      Vindkategori kan settast av Regattasjefen, når det er stort avvik frå målestasjonen på Flesland. Paul er ikkje komfortabel med denne rolla sidan han deltar i regattaen. Startbåten er forespurt , men kvir seg sidan dei ikkje ligg å duppar ved Blia under heile regattaen , men går på land og tek seg ein pause . Eit forslag er å utnevne Per i eigenskap av Regattasjef i Os til denne oppgåva sidan han vanligvis har god oversikt over feltet foran seg. Uansett blir det ein beslutning som blir tatt etter innhenta data frå fleire båta. Og det er middelvind som gjeld.
  2. Bjørn Eliassen sin bortgang gjer at vi må skaffe ny catering. Han var ein stødig bidragsytar til denne jobben i mange år. Per har fått lovnad om Betasuppe frå Kysthospitalet, og påtar seg bestilling.
  3. Nils har sagt frå seg oppgåva som bøyeansvarlig etter mange år med trufast teneste. Og vi må no finna andre løysningar. Bøyen i Strønsosen er ei utfordring, den ligg ankra på 120 m og ofte endar det med at røysinga til bøya blir liggande att etter oss når hausten kjem. Dette passar dårlig med ein positiv miljøprofil i foreninga. Spørsmålet er; kan vi klare oss utan?                     Startprosedyren vil truleg gå greit då startbåten kan legge seg i krysningspunktet mellom overettmerka på Husfjelltangen og på Synnøytangen. Heretter kalt merket. Rundingsmerket kan vi eliminere ved å revidere løypene. Det største problemet er eigentlig første båt i mål. Kan denne definere GPS krysningspunkt i kartplottaren sin og bruke dette krysningspunktet ved målgang? Komiteen besluttar ei prøveordning som nedfelles i seilingsbestemmelsane i år, der vi ser korleis det går utan bøye , ein førestenad er at målgang skjer innanfor merket for respektive gjeldande mållinje. Viss nokon vil påta seg jobben med denne bøyen , og kan gjera dette på ein miljømessig forsvarleg måte, så er komiteen open for dette. Bøyen ved Ahlholmen ligg på 22 meter, og her bør det vera realistisk å rydde opp etter oss.

Per Aga

Referent                                

Treff: 157